Profesjonell service, reins og vedlikehald av varmepumper på heile Sunnmøre.
Sjå hausttilbodet!Støv og skitt i kombinasjon med fukt og elektronikk kan utgjere ein brannrisiko over tid. Ein rein og vedlikehalden pumpe er ein trygg pumpe for deg og heimen din.
Jamleg vedlikehald reduserer slitasjen på kompressor, lager og motorar. For å sikre maksimal levetid er det anbefalt med service 1 til 2 gongar i året.
Når pumpa slepp å jobbe hardt for å dytte lufta gjennom tette filter, brukar ho langt mindre straum for å varme opp huset ditt effektivt.
Grunnleggjande reins
Komplett vedlikehald
Eg er faglært elektrikar med base i Hareid, og rykkjer ut på heile Sunnmøre for å hjelpe deg med varmepumpa di. Når du slepp nokon inn i heimen din for å jobbe med elektriske apparat, skal du vere heilt trygg på at arbeidet blir utført skikkeleg, systematisk og etter boka.
Ta kontakt for å avtale tid før kulda set inn.
Telefon: XX XX XX XX
E-post: post@pumpeservice.net